logo akvarium      
n E T
framside bilde
       

Balestrand

Akvarium

Sentrumskart

Galleri

Tursti

Kulturløype

Raudmelen

Arboretum

Tjuatoten

Gaularfjell

Saurdal

Vik i Sogn

Fjærland

Urnes

Jostedal

Kaupanger

Stegastein

 

Raudmelen
Start ved idrettshallen (Belehalli). Stien går bratt opp til Orramyri. Dersom ein ikkje vil gå heilt til toppen kan ein her ta av til Balastølen 400 moh og så til Fjærestadstølen og heimatt.

Forbi Orramyri går ein gjennom myrlendt skogsområde opp til Klukshaug 505 moh. Denne toppen er målet for trimmarar gjennom heile året. Dei flinkaste har opp mot 200 turar i løpet av eit år. Idyllisk utsiktspunkt med fin utsikt mot Ese og Sognefjorden.

Vidare går stien litt slakare før det stig bratt opp mot varden på toppen. Der er bok til å skrive seg inn i . Her kan du finne namnet til vår fjellvante og spreke Dronning Sonja som var her nyleg.

Frå toppen kan ein velje to andre ruter heim.

Så lenge ein held seg til den oppmerka stien, er dette ein fin familietur. Pass på at du tek med det fine turkartet som turistkontoret har gitt ut.

Sjå turkart her..

 

Content on this page requires a newer version of Adobe Flash Player.

Get Adobe Flash player