logo akvarium      
n E T
framside bilde
       

Balestrand

Akvarium

Sentrumskart

Galleri

Tursti

Kulturløype

Raudmelen

Arboretum

Tjuatoten

Gaularfjell

Saurdal

Vik i Sogn

Fjærland

Urnes

Jostedal

Kaupanger

Stegastein

 

Gaularfjellet.
Du køyrer langs Esefjorden, Sværafjorden og Vetlefjorden før du tek deg opp dei 9 hårnålssvingane til utsikten på toppen. På vegen passerer du våtmarksområdet ved Vetlefjordselva. Mange trekkfuglar mellomlandar her.

R13 over Gularfjellet er lite traffikert. Her kan du finne fred og ro. Parker bilen på parkeringsplassen rett etter du har passert toppen og ta ein avstikkar til fots. Følg stien over elva og ned til Thorsnesstølen og vidare til Sværaskaret. Dette er ein fin familietur.

Gaularfjellet sværaskaret.
Hugleik Tungøen gjekk frå Oldedalen til kongen i København for å få hjelp for seg og grannane under hungersnauden som herja. Breen voks og tok gardane. Den fattige bonden meinte skatten måtte reduserast. Dette ville ikkje jordeigarane. Etter fleire turar både til kongen i København og til stadhaldaren i Kristiania, fekk han gjennomslag for kravet. I 1706, på siste reisa, vart han overraska av snøstorm, og fraus i hel i Sværaskaret. Bauta vart reist i 1961.

 


Fossestien
Stien  er godt merka og tilrettelagt frå Gaularfjellet til Viksdalen langs Gaularvassdraget. På strekninga er 14 større fossar og 7 vatn. Du får kjenne nærleik til elva, til stryk og fossar. Fotturen går på natursti i kupert skogsterreng i kanten av kulturmarka. Øvste delen går i fjellterreng, og passerar fleire stølar, nedste delen i eit variert kulturlandskap. Det er klopper og bruer og lagt ut steinar og trebrett over myrete område. Velg sjølv lengde på turen.

Likholefossen.
Rv 13 over Gaularfjellet er utpeikt som nasjonal turistveg. Det er planlagt fleire rasteplassar ved utkikspunkt langs vegen. Liholefossen var det første. Gangbrua i aluminium og glas fører deg inn på Fossestien.

 

Sjå turkart her..

.

Content on this page requires a newer version of Adobe Flash Player.

Get Adobe Flash player