logo akvarium      
n E T
framside bilde
       

Balestrand

Akvarium

Sentrumskart

Galleri

Tursti

Kulturløype

Raudmelen

Arboretum

Tjuatoten

Gaularfjell

Saurdal

Vik i Sogn

Fjærland

Urnes

Jostedal

Kaupanger

Stegastein

 

Galleri og utstillingar.
Kvart år i mai vert BALEJAZZ arrangert. Festivalen starta for å hjelpa fram lokale musikar-talent frå fylket, men har vorte utvida og har no også verdsskjende namn på plakaten. I samband med Balejazz opnar galleriet i Cooperhuset. Utstillingane skifter i løpet av sommaren.

Frå 1.juli til 10. august er også Galleri Kindelberger på Kringsjå ope. Foto og musikkinstallasjonar.

Galleri Munken i Sognefjord Akvarium syner 50 ulike arbeid i treskur.

På kaien ligg Det Gylne Huset der kunstnarparet Bjøberg/ Adams held til. Eit hyggeleg vertskap som tek seg godt av besøkande.

 

I Dragsvik bur Solveig Haukaas. Ho er kjend som ein stor kunstnar innan emalje og har vunne mange internasjonale prisar. Me anbefalar eit besøk i verkstaden. Turistvenlege salsobjekt.

Eit anna kunstnarpar bur i Kvamsøy, 11 km frå Balestrand. Geir Hjetland har jobba mykje i aluminium. Han er svært ivrig i jobben med utsmykking av det offentlege rom og er innkjøpt mange stader rundt omkring i Norge. Magni Jensen er keramikarog lagar mange vakre bruksting. Dei har utsal i verkstaden.

Content on this page requires a newer version of Adobe Flash Player.

Get Adobe Flash player