logo akvarium      
n E T
framside bilde
       

Balestrand

Akvarium

Sentrumskart

Galleri

Tursti

Kulturløype

Raudmelen

Arboretum

Tjuatoten

Gaularfjell

Saurdal

Vik i Sogn

Fjærland

Urnes

Jostedal

Kaupanger

Stegastein

 

Aurlandsfjellet turistveg.

Ta ferje Dragsvik/ Hella og Manhiller/Fodnes til Lærdal og over Aurlandsfjellet. Vegen tek deg opp i over 1300 meter over fjorden og er også kalla snøvegen fordi snøen ligg langs vegkanten heile sommaren. Nedkøyringa til Aurland er spektakulær.

Rasteplassen Stegastein høgt oppe i fjellsida, byr på fantastisk utsyn over Nærøyfjorden. Men den laminerte trebrua som fører deg langt ut over avgrunnen, er eit arkitektonisk meisterverk som åleine er vert turen.

 

Naturen er dramatisk i dette området. Her finn du Flåmsbana, den 20 km. lange togstrekninga som til dels er bygd i terrassar inne i fjellet. Når du kjem ut i dagen att, er utsikta den flottaste du kan tenkje deg. Nærøyfjorden, som strekkjer seg innover mot Gudvangen, er rekna som den trongaste fjorden i verda og er på UNESCO si verdsarv liste.

Ein kan herifrå køyre tilbake gjennom verdas lengste tunnell, 24 km, eller køyre vidare til Gudvangen med avstikkar til Undredal over Vikafjellet og heim med ferje Vangsnes/ Dragsvik.

Les meir.


Content on this page requires a newer version of Adobe Flash Player.

Get Adobe Flash player